Læringsutbytte 7:

Sosiale og helsemessige problemer

Kandidaten har kunnskap om sosiale og helsemessige problemer inkludert omsorgssvikt, vold, overgrep, rus- og sosioøkonomiske problemer, og kunne identifisere og følge opp mennesker med slike utfordringer. Kandidaten skal kunne sette inn nødvendige tiltak og/eller behandling, eller henvise videre ved behov.

Eva Lill Fossli Vassend – Universitetslektor, fakultet for helse- og sosialvitenskap, institutt for helse-, sosial- og velferdsfag

SAMOT-prosjektet lager et tverrfaglig undervisningsopplegg om vold og overgrep i samarbeid med Politihøgskolen. Delprosjektet SAMOT er eit delprosjekt under USN Profesjon og skal arbeide tverrfagleg med temaet samordning mot vald og overgrep mot barn og unge. Målgruppa her er profesjonsutøvarar, og siktemålet er å finne fram til basiskompetanse/kjernekompetanse som kan vere felles for alle profesjonsutdanningane.

Målet med prosjektet er å utvikle generiske pedagogiske ressursar og nettstøtta undervisningsopplegg for profesjonsutdanningane. Dei pedagogiske ressursane og undervisningsopplegga kan brukast på tvers av studieprogram og i ulike undervisningsopplegg. Desse skal vere tilgjengelege som eksempelsamling og idébank for alle profesjonsutdanningane på grunnutdanningsnivå ved USN. Tanken er at eksempelsamlinga skal bli tatt i bruk av andre utdanningsinstitusjonar nasjonalt.

Det er etablert samarbeid på tvers av profesjonsutdanningane ved USN og med Politihøgskolens fagmiljø i Stavern om temaet.
Dei utarbeidar ei eiga nettside som ikkje er åpen enno. Når den er klar vil ei lekkje til heimesida bli lagt i LOVU-banken.